Skrivegledje og leselyst
”Korleis kan vi gi barna ein god bokstavinnlæring?”
Bokstavene
Hva er en bokstav?
En besynderlig ting.
En linje en strek,
en prikk og en ring,
og så er den slik den skal være
En liten bokstav sier ikke det spor,
men sammen med andre blir den til ord.
Andrè Bjerke
Diktet av Andrè Bjerke seier mye om tankane som svirrar rundt i dei små, spente hovuda til seksåringane når dei begynner på skulen.
Korleis kan ein bokstav ha ein lyd? Korleis blir bokstavane til eit ord om vi set dei saman med andre bokstavar? Dei er nysgjerrige, stiller spørsmål og har høge forventningar til korleis dei skal lære seg å lese og skrive når dei kjem trippande til første skuledag. Det vanskelegaste spørsmålet er kanskje korleis dei skal finne svara dei søkjer på eit spennande, morosamt og lærerikt vis?
I dette augneblikket, når vi står framfor desse forventningsfulle barna, får vi som lærarar ei utfordring. Korleis lærer kvart
einaste av barna best? Ein kan finne fleire ulike teoriar og praksis på dette.
Eg arbeider på 1.trinn ved Bodøsjøen skule og vil her seie noko om korleis vi driv bokstavinnlæring.
I kunnskapsløftet L06, avsnittet om Norsk på småskuletrinnet 1.-2. trinn står det at elevane skal lære seg:
"Å trekke bokstavlyder sammen til ord. Lese store og små trykte bokstaver. Bruke bokstaver og eksperimentere med ord, i egen håndskrift og på tastatur. Samtale om hvordan ord og bilde virker sammen i bildebøker og andre bildemedier."
I denne teksten går eg inn på korleis barna lærer seg små og store bokstavar, og på korleis dei med god vegleiing lærer å trekkje
bokstavlydar saman til ord og setningar.
1.økt i bokstavinnlæringen
Vi jobbar med dei estetiske sansane
Skrivedans
"Skrivedans er en metode, som er basert på de erfaringer, som en har fått ved hjelp av skriftpsykologien… Målsettingen er å skape en sunn, flytende og sammenhengende håndskrift ved å kombinere pennens bevegelser med de grovmotoriske bevegelser ved hjelp av musikk, rytme, rim, leker og fantasitegninger. (”Skrivedans I” av Ragnhild Oussoren, Dansk utgåve, Klitrose 1995.)
Vi har skrivedans som aktivitet 2 gonger i veka. Det er ein rørslepedagogikk. Det handlar ikkje om innlæring av bokstavar, men er ein
innlæring av forberedande rørsler som er meint å hjelpe barna. Dei får inn rørslene i handledda og dei bruker små oljekritt som tvingar fram pinsettgrepet. Rørslene går frå frie rørsler til konkrete linjer.
Språksprell
"Språksprell trener opp elevenes språklige bevissthet gjennom korte og systematiske lekeøvelser. Gir barna et solid fundament å bygge videre på i lese- og skriveinnlæringen." (”Språksprell”, Lise L. Elsbak)
Vi jobbar mykje med rim og regler, og vi klappar stavingane i ord. Dette gjør vi for å få inn rytme, noko som igjen er til hjelp
for barna når vi seinare skal øve på leseflyt.
2.økt i bokstavinnlæringa
Vi jobbar med dei taktile sansane.
Vi kjenner og føler på bokstaven, medan vi snakkar om kva vi opplever. Vi føler med fingeren på bokstaven som er skrive inn i ein bit
brent leire, vi kjenner på ein figur av stoff som er forma som bokstaven, vi formar bokstaven med plastilina og med piperensarar. Vi arbeider saman om å forme bokstaven med kroppane våre. Vi tek bilete av aktiviteten så barna får sjå seg sjølve ”inni” bokstaven. Vi held handa opp mot munnen og kjenner etter om det kjem luft på handa eller ikkje når vi seier bokstavlyden. Vi klappar
stavingane i ord som har lyden i seg. Vi har alfabetet hengjande på veggen. Vi snakkar om kva bokstaven liknar på, om det er ein vokal (raud) eller ein konsonant ( blå).
3.økt i bokstavinnlæringa
Vi jobbar med fonemar
I talen glir fonemene, de minste byggesteinene i språket, over i hverandre. Når en skal lære seg å lese og skrive, må en imidlertid bli
bevisst om lydene i talen. En må altså forstå at ord er bygd opp av fonemer(lyder), og at disse fonemene i ulike kombinasjoner kan danne alle språkets talløse ord.
(”God skriveutvikling” Cappelen 2009, av Ingvar Lundberg side 13.)
Vi snakkar derfor til elevane om kva bokstavnamnet (grafemet) og bokstavlyden (fonemet) heiter. Kor er bokstavnamnet og
bokstavlyden i ulike ord, først, inni eller sist? Vi skriv og formar bokstaven slik den skal skrivast. Vi har fokus på både stor og liten
bokstav.
Etterpå skal elevane nytte Bokstavbøkene sine, som det er limt inn ein ny bokstav i. Dei jobbar individuelt. Dei vaksne gjev hjelp og
forklaring undervegs og om det er nokon som treng spesiell hjelp. Bokstavboka, sida med bokstaven, inneheld:
* Den vesle og den store bokstaven er skrivne med piler som viser oss kor den startar og sluttar.
* Bilete av ting som har lyden i seg.
* Bilete av ei hand som syner ”teikn til tale” symbolet for bokstaven.
* 3 rubrikkar som elevane skal skrive ord eller teikne ting som har ordlyden i seg først, inni og sist.
* Bilete av ein ting som har bokstaven i seg. Den aktuelle bokstaven er tatt bort, medan dei andre bokstavane i ordet står der. Skriv inn den aktuelle bokstaven.
Kva gjer vi vidare?
Barna lærer fleire og fleire bokstavar. Dei skjønar at bokstavar blir til ord og at ord blir til setningar. No gjev vi dei enkle ord og
setningar som dei stavar fram ved hjelp av fonem dei har lært. Dette gjør at ikkje bare lesing blir meir og meir spennande, men også
tekstskaping.
Vi har uteskule ein dag i veka. Etter turane har vi etterarbeid i uteboka. Vi teiknar og lagar ein tekst saman om det vi har sett,
opplevd og lært. Ein lærar skriv teksten på tavla og på pc. Vi skriv med både små og store bokstavar. Nokre barn klarer å skrive i boka sjølve, dei andre får teksten som er skrive på pc limt inn i boka si. Eleven les teksten saman med ein vaksen heime. Målet er at fleire og fleire meistrar å skrive teksten sjølve, og å lese han høgt for foreldra heime.
No har eg gitt eit bilete av bokstavinnlæringa ved Bodøsjøen skule. Barna er engasjerte og lærevillige, noko som gjer arbeidet
meiningsfullt og morosamt for oss som er lærarar.
Eg vil gjerne avslutte med eit anna dikt av Andre Bjerke som seier noko om barna sitt møte med ei spennande verd kor bokstavar blir til
ord og ord blir til setningar.
"Når bokstavene gifter seg.
Det var en gang en stakkars I
som kjedet seg så svært
fordi den var så helt alene.
Alene er man lite tess,
men se! – så traff han frøken
og fridde til den pene.
Han sa: ”I dette alfabetet
er du den vakreste jeg vet,
så bli min kone kjære!”
Hun sa: ”Du vet naturligvis
at I og S blir sammen IS.
Jeg trur vi bør la være!”
Den unge I-en skjønte det.
Han giftet seg med frøken V,
og gjorde klokt i dette.
For V og I kan alltid siat de til sammen er et VI,
og det er nok det rette!"
Andrè Bjerke
Kilder:
Andrè Bjerke Moro-vers 2000,
”God skriveutvikling” Cappelen 2009, av Ingvar Lundberg side 13.
Kunnskapsløftet Lærerplanen 2006 avsnittet,
”Skrivedans I” av Ragnhild Oussoren, Dansk utgåve Klitrose 1995,
”Språksprell” av Lise L. Elsbak,